02.06.2015

Rapporten frå utvalet som har jobba med norsk politikk overfor taterane/romanifolket er klar

rapport_romanifolket.jpg

Rapporten har tittelen "Assimilering og motstand. Norsk politikk overfor taterne/romanifolket fra 1850 til i dag". I desember 2014 hadde IKAMR besøk av to medlemmar av utvalet. Dei gjekk igjennom arkivmateriale frå Svaneviken arbeidsleir og Eide kommune.

Utvalet har konkludert med at taterane/romanifolket vart utsette for ein hardhendt assimileringspolitikk frå norske myndigheter si side. Politikken var konkretisert i lover og forordningar som til dels hadde eit diskriminerande føremål - og ei klart diskriminerande virkning. Dette har resultert i negative fordommar om folkegruppa, som igjen har ført til frykt og mistillit mellom dei og storsamfunnet. Denne politikken har hatt, og har framleis, store konsekvensar for taterane/romanifolket. Omsorgsovertagelse av barn og tvungen bosetting var dei to områda politikken særleg retta seg mot. Staten overlet gjennomføringa til den private organisasjonen Norsk misjon blant hjemløse ("Misjonen"). Offentlege instansar var pålagde å samarbeide med Misjonen, som frå 1907-1986 var einerådande på feltet. Utvalet har konkludert med at misjonen utførte sitt arbeid på vegne av staten, sjølv om den også var ein pådrivar i å definere målgruppa og utforme politikken. Utvalet fann også at det var nært samarbeid mellom Misjonen og kommunale myndigheter når det gjaldt omsorgsovertaking av barn og bosetting.

På regjeringen.no finn du omtale og lenke til rapporten NOU 2015: 7 - Assimilering og motstand - Norsk politikk overfor taterne/romanifolket fra 1850 til i dag

Kommunaldepartementet granskar myndigheters behandling av tater/romanifolket