05.10.2022

Revidering av bevaringsplanen for private arkiv i Møre og Romsdal

Gudmund Valderhaug (prosjektleiar IKAMR) og Webjørn Landmark (dagleg leiar Stiftinga Ishavsmuseet Aarvak) utanfor Ishavsmuseet Aarvak. Foto: Åsta Vadset, IKAMR
Etter tildeling av arkivutviklingsmidlar i 2020 til dette prosjektet er vi no i gang, i samarbeid med dei andre privatarkivaktørane i fylket: musea, historielaga og lokalarkiva.


Gudmund Valderhaug er tilsett som prosjektleiar. 28. september hadde vi møte med regionmusea og Nynorsk kultursentrum, som er dei som forvaltar flest privatarkiv i Møre og Romsdal.

4. oktober vitja vi Ishavsmuseet Aarvak, som forvaltar ein viktig del av arkiva frå fangst-feltet i vårt fylke.

Den eksisterande bevaringsplanen for private arkiv finn du her: Bevaringsplan privatarkiv | IKA Møre og Romsdal (ikamr.no)

 

Tekst: Åsta Vadset, IKAMR

Kategori
Privatarkiv