Samarbeid med Høgskulen i Volda om arkiv i undervisning og praksis
Prosjektet Arkivet i demokratiets teneste; kvalifiserte kunnskapsprodusentar i høgare utdanning vart lansert våren 2022 med støtte frå Arkivverket. Det har hatt som formål å styrkje lærarar sin kompetanse om arkiva si betydning for enkeltmenneske og fellesskap gjennom arbeid med arkiv og historiske kjelder.
Sidan våren 2023 har vi samarbeidd om eit liknande kurs ved Innføringsemnet i historie, ved Historisk institutt. Her er fokus på historiefagleg metode knytt til kjelde- og kontekstualiseringsarbeid.
I 2025 har IKAMR delteke i etableringa av eit nettverk med fleire aktørar innanfor UH-sektoren og ABM-sektoren om vidare bruk av arkivmateriale i undervisning, forsking og praksisundervisning. I haust deltok vi på ein workshop i Volda saman med Nordmørsmusea, VITI, biblioteket ved HVO, Historisk institutt og Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag ved HVO, der ei rekkje moglegheiter for vidare samarbeid vart drøfta.
Resultatet av dette nettverksarbeidet er at IKAMR no skal bidrage til publiseringa av ei bok om bruk av arkivmateriale i undervisning. I tillegg har vi utarbeidd eit praksisopplegg for historiestudentar ved HVO våren 2026.
Dagane 4.–5. desember deltok rådgivar Andri Jonsson ved Avdeling kommunalt arkiv og Åsta Vadset, rådgivar for privatarkiv, på Samfunnsfagskonferansen i Hamar, saman med samarbeidspartnarar frå Høgskulen i Volda og Universitetet i Innlandet (INN). På konferansen vart erfaringar med bruk av arkiv i undervisning presenterte og diskuterte i ein parallellsesjon, i tillegg til planane for praksisplassar hos IKAMR.
Vi ser fram til vidare samarbeid med Høgskulen i Volda på nyåret. Praksissamarbeidet vil bidrage til å gjere historieutdanninga meir arbeidslivsrelevant, samstundes som IKAMR får støtte i arbeidet med eldre arkiv.
Foto: Universitetet i Innlandet
Tekst: Andri Jónsson, IKAMR