19.02.2021

Samarbeid med Lærarutdanninga ved Høgskulen i Volda

Ida Tufteland og Jan-Magnus Dimmen, lærarstudentar på masterutdanninga i samfunnsfag ved Høgskulen i Volda. Foto - Åsta Vadset, IKAMR

Sidan sommaren 2020 har IKAMR samarbeidd med høgskulelektor Trudi Eikrem. For både IKAMR og Høgskulen i Volda er samarbeid ved lærarutdanninga nytt.

Studentgruppa er på masterutdanninga i samfunnsfag. Samhandlinga har gått føre seg i det digitale klasseromet i Canvas. Fredag 19. februar møttest vi for første gong fysisk. Denne gongen for å dekode handskrift i kjeldene vi har tilgjengeleggjort for studentane. 

Høgskulebiblioteket, ved Elin Gundersen, deltok også. Hjå biblioteket finn studentane litteratur som kan gi dei bakgrunn for å forstå kjeldene.

Det var ein interessert og kjekk gjeng å vere i lag med.

Vi er spente på evalueringa frå studentane. 

Tekst: Åsta Vadset