20.09.2021

Samarbeid om bevaring og tilgjengeleggjering av Stortingsmannsarkivet

Niklas Vartdal Aam og Svein Håvar Vatne frå Høgskulen i Volda avleverte arkivet. Foto: Åsta Vadset, IKAMR
I 1984-1985 vart det i regi av Høgskulen i Volda samla inn arkivdokumentasjon frå stortingsrepresentantar og vararepresentantar frå Møre og Romsdal. No skal samlinga ordnast, registrerast, digitaliserast og gjerast tilgjengeleg.

Føremålet med prosjektet var å samle inn og registrere det som var tilgjengeleg av skriftleg kjeldemateriale frå det politiske livet i regionen, og som var i privat eige. Initiativtakar til prosjektet og ansvarleg leiar var Jostein Nerbøvik ved det som då heitte historielinja ved Møre og Romsdal Distriktshøgskule, Volda. Prosjektmedarbeidar var Eldar Høidal, som var i sivilteneste.

Materialet som vart samla inn omfattar hovedsakleg brev, føredrag eller andre manuskript, dagboknotat eller møtereferat. Elles aviser, stortingsprotokollar, skøyter, sirklulære og kvitteringar.

Dokumentasjon på til saman 40 stortingsrepresentantar ligg i samlinga.

 

Tekst: Åsta Vadset, IKAMR