06.06.2019

Samling for fylkeskoordinerande institusjonar og nasjonale aktørar i privatarkivarbeidet i Ålesund

Ottar A. B. Anderson gir ei innføring i digitalisering av privatarkivet etter arkitektene Christian og Hans Backer Fürst. Foto: Piotr Cabaj / SEDAK .
Ragnar Albertsen trakk fram utfordringar ved å ta imot store privatarkiv etter fotografar. Foto: Piotr Cabaj / SEDAK .
Jan Aakvik viste fram kulturdatabasen for regionalt materiale. Foto: Piotr Cabaj / SEDAK .

5. og 6. juni vart det halde samling for fylkeskoordinerande institusjonar og nasjonale aktørar i privatarkivarbeidet. På programmet stod også besøk hos IKA Møre og Romsdal.

Det vart omvisning i nye ordningsavdelinga for arkivmateriale og deretter nye Digitaliseringsavdelinga med fokus på SEDAK, FylkesFOTOarkivet og Kulturdatabasar v/Kulturnett. 30 personar vart tatt godt imot og tilbakemeldingane frå dei besøkande har vore gode.

Deltakarane var også innom Jugendstilsenteret der dei fekk innføring i arkivet etter arkitektane Christian og Hans Backer Fürst. Ottar A.B. Anderson var til stades og viste fram digitaliserte arkitektteikningar og fortalte om samarbeidet ein har med Jugendstilsenteret for dette privatarkivet.

Kategori
Privatarkiv
Kommune
Ålesund