18.01.2021

Samlinga til Arbeiderbevegelsens arkiv i Møre og Romsdal

Emil Stokkevåg

Etter tildeling frå Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek i 2020 er no arkiva grovordna og oversikt over arkivskaparar tilgjengeleg på Arkivportalen.

Våren 2020 fekk Arbeiderbevegelsens arkiv i Møre og Romsdal, etter ein søknad frå IKAMR, støtte på 40 000 kroner til å få jobba med samlinga si. Emil Stokkevåg har vore tilsett i prosjektet. 

Arbeiderbevegelsens arkiv omfattar innlevert materiale frå LO sitt forbund og organisasjonar og Arbeiderpartiet sine organisasjonar i fylket.

Her finn du lista over arkiv som per i dag høyrer til i samlinga.

Initiativet til eit Arbeiderbevegelsens arkiv vart gjort tidleg på 1980-talet, då ein såg behovet for ei systematisk oppbevaring, som kunne ta i vare materialet for ettertida. Både fagforeiningsarbeid og politisk arbeid er basert på frivillig innsats, og sjølv om det meste vart dokumentert i protokollar og anna, var det nok nødvendigvis ikkje så mykje system i oppbevaringa av desse.

I 1983 vart det sett i gong ein aksjon for å samle inn arkivverdig materiale, som vart levert inn til Fylkesbiblioteket i Ålesund. Etter kvart vart det inngått ein avtale med IKA Møre og Romsdal og arkivet vart flytta hit i 2005.

Arbeiderbevegelsen er i utvikling heile tida, og det er mange fagforeiningar som slår seg saman, nye kjem til, og nokre vert lagt ned. På den politiske sida har vi også samfunnsendringar som for eksempel kommunereforma, som gjer at partilag vart sammenslått og at ein får nye strukturar. Ei av dei viktigaste oppgåvene til arkivet er å ta i vare denne historia for ettertida, og gjere den tilgjengeleg.
 

Kontaktperson styre: Lisbeth Rød lisbeth.rod@lo.no
Kontaktperson IKAMR: Åsta Vadset asta.vadset@ikamr.no

Kategori
Privatarkiv