06.10.2016

SEDAK bidreg i forprosjektet for Nasjonal publiseringsplattform (NAPSA)

napsa_05_10_2016.jpg

Gruppa hadde i går samling ved Riksarkivet, der delrapport med teknisk framstilling og løysingsforslag vart diskutert.

Fylkessenter for digitalisering av kulturarven (SEDAK) er ein av partane i ei breitt samansett gruppe, som består av institusjonar innanfor ABM (arkiv, bibliotek og museum)-sektoren.

Det overordna målet er å etablere ei «Nasjonal publiseringsplattform for digitaliserte arkivdokument» i Noreg. «Nasjonal publiseringsplattform for digitaliserte arkivdokument» skal dekke arkivinstitusjonane sine behov for å publisere digitaliserte papirbaserte arkiv og samlingar på Internett, og på denne måten imøtekome samfunnet og publikum sitt ynske om digitale tenester innan arkivsektoren.

Den nasjonale publiseringsplattforma skal vere både ei stor-skala publiseringsteneste for papirbaserte arkiv i Noreg, og ein leverandør av digitale tenester til innbyggarane basert på innhold frå arkivinstitusjonane. Ein eigen modul, som organserer og styrer metadataberiking og digitaliseringsressursane, vil effektivisere arbeidet ved institusjonane.

I forprosjektet skal det særleg jobbast langs to hovudlinjer:
a) Utvikle ei så detaljert som mogleg funksjonsomtale for tenesta, både slik det vil kunne vere for innhaldsleverandørane («back end») og for brukarane av tenestene, dvs publikum, altså «front end».
b) Utvikle ei tilsvarande, så detaljert som mogleg, teknisk løysingsframstilling og driftsopplegg for den digitale publiseringsplattforma, samt kostnadsestimat for utvikling, etablering, og drift første år.

Tekst: Ottar André Breivik Anderson, SEDAK

Kategori
SEDAK