27.04.2021

SEDAK på PrimusWeb-kurs

Frå venstre: Ottar A. B. Anderson og Piotr Cabaj - Foto: Piotr Cabaj, SEDAK

SEDAK gjennomførte sist veke 2 dagar digitalt grunnleggande PrimusWeb-kurs.

Primus er eit heilskapleg system som både tek i vare informasjon om museumsamlingane og dei rutinar og prosessar som er knytt til dei. Primus blir i dag brukt av ca. 200 museum og kulturarvsinstitusjonar i Noreg og Sverige.

Primus kan handtere store, små og varierande samlingar. Objekttypane gjenstand, kunst, fotografi, bygning, arkitektur og design har ein eigen modul for registrering. Du kan søke spesifikt innan kvar enkelt modul i tillegg til heile samlinga.

Samarbeid med museum er viktig for SEDAK, og vi vil no ha god forståing av PrimusWeb.
Dei fleste museum nyttar Primus for å publisere materialet sitt til DigitaltMuseum. 

Du kan lese meir om Primus her.

Tekst: Ottar A. B. Anderson

Kategori
SEDAK