20.05.2022

Siste avlevering av arkiv frå Stadnamnprosjektet

Jan Aakvik og arkivleiar Hilde Skaare Fossheim har klargjort for siste sending. Foto: Åsta Vadset, IKAMR
Saksarkiv og artikkelsamling frå Stadnamnprosjektet. Foto: Åsta Vadset, IKAMR
Ein nøgd Jan Aakvik som får komplementert arkivet etter Stadnamninnsamlinga. Foto: Åsta Vadset, IKAMR

Siste rest av arkiv frå Stadnamnsamlinga, som har vore plassert på Høgskulen i Volda, er no pakka og klart for avlevering til IKAMR. Lokala der arkivet har vore oppbevart står no framfor ei stor renovering og dei nye lokala skal ikkje huse papirbaserte arkiv.

Stadnamnsamlinga

Stadnamnsamlinga for Møre og Romsdal var eit stort prosjekt som vart finansiert med fylkeskommunale midlar, Statens Kartverk, Norsk Kulturråd med fleire og knytt mot Høgskulen i Volda.

Gjennomføringa var gjort av Møreforsking i åra 1985-1995 med innsamling av nærare 200 000 namn. For meir inngåande informasjon sjå Forskingsrapport nr. 54, Peter Hallaråker. 2003. Stadnamnarkivet og stadnamnbasen for Møre og Romsdal. Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda.

I 2005 vart samlinga overført og sikra i IKAMR sitt arkivdepot på fylkeskommunal hylleleige.

Det er Kulturnett Møre og Romsdal (KnMR) som har hatt ansvaret for å pakke om og legge samlingane til rette for deponering og digitalisering. Dette arbeidet er gjort innanfor eksisterande rammeoverføringar frå Møre og Romsdal fylkeskommune. I byrjinga støtta vi oss på Peter Hallaråker sine faglege vurderingar, gode kjennskap og informasjon om Stadnamnarkivet.

Siste rest av avlevering består av over 20 000 kartotekkort frå Volda kommune og Ørsta kommune, samt saksarkivet frå sjølve prosjektet. Vi tek også imot ei artikkelsamling om stadnamn frå Møre og Romsdal med tilhøyrande kartotekkort for oppslag. Vi kan vel kalle det dåtida sin «google» for raske søk.

 

Tekst: Jan Aakvik, IKAMR

Kategori
Privatarkiv
Kommune
Volda