16.12.2020

Sit du på ein lokal skatt?

Kløverlogo lånt frå sanitetskvinnene.no

Førre veke kom nyheita om at Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS) Møre og Romsdal i samarbeid med IKAMR har fått støtte til eit prosjekt der ein ønsker å samle, ordne og gjere tilgjengeleg arkiv etter lokalforeiningane i fylket. No treng vi hjelp frå kanskje akkurat deg!

I NRK Møre og Romsdal si distriktsnyheitssending i morgontimane i dag kunne ein høyre fylkesleiar i NKS Møre og Romsdal, Elinor Bolme, fortelje om prosjektet. Innslaget kan du høyre her (gå til "Tidspunkter" og rull ned til 01:33:30 Vil samle historia til Sanitetskvinnene). Ho oppfordra blant anna folk om å gi lyd frå seg, dersom ein har arkiv etter ei sanitetsforeining, spesielt om det er arkiv frå ei foreining som no er nedlagt, men også frå dei som er aktive i dag. 

Om du har spørsmål, kan du ta kontakt med Åsta Vadset på tlf: 408 54 153 eller e-post: asta.vadset@ikamr.no.

Kategori
Privatarkiv