09.12.2021

Skansenprosjektet i Aure

Arkiv frå Aure og Tustna på plass i magasinet. Foto: Guro Flø, IKAMR
Anja Eileen Skipnes i det gamle kommunehuset på Gullstein. Her held ho opp ein bjørkekubbe, adressert til ordføraren i Tustna frå Naturvernforbundet i 1997, med påskrifta "La naturen leve". Det er litt forskjellig som dukkar opp i arkivet! Foto: Guro Flø,

Skansenprosjektet er no ferdig og arkiva frå Aure kommune er avlevert til depot.

Skansen var først eit ORKidé-prosjekt som starta i 2010 og avslutta hausten 2018. Prosjektet heldt til i det gamle kommunehuset til nedlagde Tustna kommune på Gullstein. Dei som hadde vore med i dette prosjektet hadde ikkje anna arkiverfaring enn digitalisering av byggesakarkiv.

I 2018 inngjekk Aure kommune ein avtale med Skansen om ordning, pakking og innsending av papirarkivet til kommunen til sentralt depot. IKAMR var med frå starten, der god dialog var viktig for å identifisere utfordringane som dukka opp i prosjektet. IKAMR reiste ut til kommunen og heldt eit basiskurs i ordning av arkiv, noko som gav Skansen eit grunnlag for å starte arbeidet med arkiva.  

Underveis i prosessen har IKAMR vore aktiv med som rettleiar, og saman med prosjekttilsette for Skansen med Anja Eileen Skipnes i spissen, blei arkiva ordna og identifisert og dei ulike arkivskaparane og seriane namngjevne.   

I oktober 2021 vart Skansen lagt ned, og bygninga på Gullstein der prosjektet hadde vore lokalisert, blei selt. Arkivmaterialet som no var ferdig ordna, registrert og etikettert og som hadde vore plassert på Gullstein, blei sendt til Ålesund.

Til saman blei ca. 247 hyllemeter med ordna arkiv + 36 hyllemeter med digitalisert byggesaksmateriale avlevert. Dette omfatta arkiv frå både Tustna og Aure kommune. Siste avlevering var 11. november 2021.  

Arkiva har fått sin plass i arkiv hos oss her i Ålesund. Dei er i etterkant publisert Arkivportalen og resultata kan sjåast her.

Tekst: Tove Nypan

 

Kategori
Eldre arkiv
Kommune
Aure