26.09.2025

Skattar i arkivet - IT-historie frå 1980-talet

Foto: Åsta Vadset, IKAMR
Torbjørn Aasen med det artige funnet! Foto: Åsta Vadset, IKAMr

Ved utpakking av privatarkiv kan det dukke opp forskjellig.

I arbeidet med Møre og Romsdal fylkesbåtar (MRF) sitt arkiv fann vi denne veka IT-historie frå 1980-talet, i form av kretskort og manual for å kople ein PC rett på IBM-stormaskin (system/36/AS/400).

IT-rådgjevar Torbjørn Aasen, som til dagleg jobbar med moderne digitalt depot, vart oppglødd over funnet! Han var den som kunne fortelje oss kva dette var for noko.

Kva trur du MRF brukte dette til? Kanskje for å halde oversikt over ferjene eller for å organisere økonomien?

Kategori
Privatarkiv