17.12.2020

Skoen til Rønneberg i eit pilotprosjekt

Foto: Cabaj og Anderson, SEDAK
Foto: Piotr Cabaj, SEDAK
Foto: Cabaj og Anderson, SEDAK
SEDAK presenterte fredag 11. desember pilotprosjektet vi har gjennomført saman med Musea på Sunnmøre inne hos Sunnmøre Museum i Borgundgavlen.

I dette prosjektet har vi nytta ein svært effektiv og effektfull teknologi for å oppnå skarpleik over heile objektet som blir digitalisert. Denne teknikken blir på norsk omtala som "fokus stabling", og har tidlegare vore svært tidkrevjande, men er i dag fullautomatisert.

Effekta av dette er nye moglegheiter for utvida bruk av resultatet, både som rein dokumentasjon i registreringsarbeidet, som bruk i utstillingssamanheng og som eit verktøy for konservator for å avklare tilstand og mogleg behov for konservering.

SEDAK og Musea på Sunnmøre vil saman arbeide vidare for mogleg å kunne nytte denne teknikken i eit utviklingsprosjekt.  

 

Kategori
SEDAK