07.11.2022

Slektsforskarsøndag på Runde miljøsenter

Foto: Cecil Nerbø, Opplev Runde
Foto: Cecil Nerbø, Opplev Runde

Søndag 6. november var IKAMR og Slekt og Data Søre Sunnmøre inviterte av Opplev Runde til å halde foredrag.

Tilhøyrarane fekk informasjon om arbeidet til foreininga Slekt og Data av Arne-Sten Christiansen, leiar i Slekt og Data Søre Sunnmøre. Han synte også tilgjengelege kjelder på nett.

Rådgjevar Åsta Vadset frå IKAMR fortalde om kva kommunale og private arkiv kan fortelje oss om forfedrane og mødrene våre, med utgangspunkt i si eiga slektsforsking.

Søndagsforedrag ved miljøsenteret på ulike emne, kobinert med open kafe og opa utstilling, er populært. Neste søndag er det marinbiolog Christoph Noever som skal halde foredrag om «plasthvalen», som har blitt eit symbol for marin forsøpling.

Vi takkar for invitasjonen og for godt oppmøte!

 

Tekst: Åsta Vadset, IKAMR

Kategori
Eldre arkiv
Privatarkiv