29.03.2017

Stadnamn i Eide kommune

fakd-0812.00005-liten_web.jpg

Stadnamninnsamling i Eide kommune var ein del av eit prosjekt utført av Høgskulen i Volda og Møreforsking, og vart samla inn 1985-1988. Dessverre kom heile samlinga bort i 1998 ved riving av brakker.

Ingvar Magne Øien skreiv hovudfagsoppgåve i nordisk ved Universitetet i Trondheim i 1982 om stadnamn i Eide kommune. Denne avhandlinga inneheldt fleire kart. IKA Møre og Romsdal har sjølve avhandlinga, men har mangla papirkarta. Avhandlinga til Ingvar Magne Øien er særs viktig då den truleg er den einaste store samlinga av stadnamn frå Eide kommune som eksisterer.

IKAMR ved Jan Aakvik på Kulturnett tok difor kontakt med Øien for å høyre om han framleis hadde karta. Han hadde nokre kladdekart, men fortalte at det blei levert reinteikna kart for fleire år sidan til Eide kommune. Deretter tok vi kontakt med Eide kommune som hadde orden i sysakene.

I dag har vi motteke ein rull med kart frå kommunen og Ingvar Magne Øien er positiv til at namna kjem ut på den digitale Stadnamnbasen for Møre og Romsdal. Kulturnett har planar om at stadnamna skal vere ferdig digitalisert på nett ved utgangen av 2017.

Lenke til Stadnamnbasen: https://www.fylkesatlas.no/stadnamn_more_og_romsdal

 

Tekst: Jan Aakvik, Kulturnett Møre og Romsdal / IKAMR