23.11.2022

Stadnamnarkivet på lesesalen

F.v. Jan Aakvik og Wen Ge. Foto: Guro Flø, IKAMr
I går, 22. november, var Wen Ge på besøk på lesesalen vår. Han kom for å sjå på stadnamnamlingar og studere tradisjonell lokal uttale av stadnamn i Noreg.

Denne dagen såg han på kommunane Vanylven og Volda og kva slags metode som er brukt i registrering av stadnamn.

Wen Ge er stipendiat i norsk språkvitskap ved Høgskulen i Volda og tar ph.d.-utdanning frå Universitetet i Bergen. Han driv mest med norsk stadsnamngransking, men er òg interessert i norsk språkhistorie og talemål. Han tar sikte på å bidra til internasjonalt forskingssamarbeid mellom Noreg og andre land, f.eks. innan stadnamngransking. 

Arbeidstittelen til ph.d-avhandlinga hans er Lokal nedarva uttale av stadnamn: Overlevering, utjamning og vegen vidare i Noreg og Danmark.

Vi takkar for besøket og ønsker velkomen tilbake!

 

Tekst: Jan Aakvik, IKAMR