29.09.2022

Statusoppdatering - Tingvoll-prosjektet

Prosjektmedarbeidar Emil Stokkevåg har ordna arkivet etter Tingvoll Ullvarefabrikk og Tingvoll Tekstilarbeiderforening. Foto: Piotr Cabaj, SEDAK/IKAMR
Digitisering av vareprøvekatalog. P-00482, Gh: 3.
IKAMR og Tingvoll Museum fekk i 2021 midlar frå Arkivverket til å ordne, bevare og tilgjengeleggjere arkiva etter Tingvoll Ullvarefabrikk og Tingvoll Tekstilarbeidarforening. I løpet av sommaren 2022 har prosjektmedarbeidar Emil Stokkevåg ordna arkiva, og no ligg listene på Arkivportalen.

Les meir om Tingvoll Ullvarefabrikk på Arkivportalen.

Les meir om Tingvoll tekstilarbeiderforening på Arkivportalen.

Fotograflærling Piotr Cabaj ved Fylkessenter for digitalisering av kulturarven (SEDAK), er i gang med digitisering og avfotografering av utvalde arkivstykke. Eit nybrottsarbeid for oss er attgiving av tekstilmateriale i digitiseringsarbeidet. Det digitiserte arkivmaterialet blir publisert på Digitalarkivet.

Tilsette frå både Tingvoll Museum, IKAMR og Viti – Sunnmøre museum var i sommar på besøk ved Skjølingstad Uldvarefabrikk, som er ein levande museumsfabrikk utanfor Mandal. Dette var ein nyttig studietur, og deira arkiv og levande fabrikkarbeid kan legge grunnlag for samarbeid og samanaliknande studiar av arbeidsforhold og produksjon (på Sørlandet og på Møre). 

Det finst relativt lite dokumentasjon av industrihistoria på Nordmøre, og kanskje særleg når det gjeld tekstil- og kvinnearbeid. Desse arkiva kan fortelje om kva produkt ein laga og kvar dei vart selde, i tidsrommet 1898 til 1965. Og vi kan få innsyn i arbeidsforhold, lønningar og pensjonsrettar, og om skilnader mellom kvinner og menn.

Tekst: Åsta Vadset, IKAMR

Kategori
Privatarkiv