01.22.2020

Stinn brakke på slekts- og lokalhistorietorg i Kristiansund

Åsta Vadset fortel om privatarkiv. Foto: Piotr Cabaj
Jan Aakvik viser søk i kulturdatabasar. Foto: Piotr Cabaj
Fylkesfotoarkivar Ragnar H. Albertsen demonstrerer digitalisiering og søk i fotobasar. Foto: Piotr Cabaj
Zane Aboltina ved SEDAK diskuterer digitalisering. Foto: Piotr Cabaj
Piotr Cabaj fortel om digitalisering. Foto: Zane Aboltina
Mykje folk hadde funne vegen til Slekt og Data Møre og Romsdal sitt arrangement laurdag 18. januar ved Thon-hotellet på Innlandet i Kristiansund, der IKA Møre og Romsdal (IKAMR) deltok med fire standar.

Åsta Vadset, rådgjevar med ansvar for privatarkiv, hadde stand om korleis ein finn fram informasjon om personar i privatarkiv og kommunale arkiv. Fylkesfotoarkivar Ragnar H. Albertsen viste korleis ein digitaliserer bilete og søker i fotobasar. Rådgjevar Zane Aboltina og Piotr Cabaj ved SEDAK hadde stand med digitalisering og fokus på handtering av materialet i digitaliseringsprosessen og digital langtidslagring. Kulturnett Møre og Romsdal ved redaktør Jan Aakvik viste korleis folk kunne søke i nasjonale og regionale kulturdatabasar. IKAMR var med også for 11 år sidan.

I tillegg til 30 utstillarar og standar var det gode foredrag av Leo Oterhals - historie om eit forlis, Tor Larsen - journalist og lokalhistorikar Einar Thurn Christensen sitt arkiv, Jonny Lyngstad og Bernt Bøe - Mannbjøinn, Heidi S. Fjeldsvig - DNA i slektsforsking og Jørgen Strand - skipsfartshistorie.

Dei fleste utstillarane/standane selde årbøker, bygdebøker eller hefte.

Det var ein jamn straum av folk i fire timar. No og då vart det kø framfor enkelte av standane i lokalet.

Kategori
Privatarkiv
Municipality
Kristiansund