09.12.2022

Stortingsmannarkivet for Møre og Romsdal

Emil Stokkevåg (prosjektmedarbeidar ved IKAMR), Eldar Høidal (historikar ved møbelmuseet for Stiftinga Viti og forfattar). Foto: Åsta Vadset, IKAMR

Arkivet etter Møre og Romsdals stortingsrepresentantar ligg no klar for ordning her ved IKAMR. Dette er eit arkiv som kan fortelje oss mykje om fortida vår, og vekker av sin natur både lokale så vel som nasjonale interesser. Det er her snakk om foredrag, brevsamlingar, saksarkiv, dagboksnotat og mykje meir.

Det var i åra 1984-1985 at arkivet blei samla inn ved Distriktshøgskolen Volda (i dag Høgskulen i Volda), og arbeidet som blei lagt ned den gongen var omfattande. Prosjektleiar Jostein Nerbøvik initierte prosjektet og fekk med seg Eldar Høidal som prosjektmedarbeidar, som då fekk hovudansvaret for innsamlinga og ryddinga av desse arkiva. Saman sende dei ut brev til etterkomarane av representantane, og der dei fekk svar måtte dei køyre ut og hente inn arkiv. Det er då takka vere deira initiativ at vi har dette føre oss i dag.

Samlinga består i dag av restar etter 44 stortingsrepresentantar frå perioden 1814-1970. Alt dette skal etter planen no ordnast og settast i system, for så å forhåpentlegvis kunne digitiserast (mediekonverterast) ein dag og slik vere til nytte for alle interesserte. Arkivet er også eit godt utgangspunkt for oppgåver innan historie på fleire nivå, og kan bringe nytt lys på dei ulike vegvala som blei tatt av stortingsrepresentantane herifrå.

Det er med stor glede vi fører dette arbeidet vidare, og håper samtidig at denne samlinga kan supplerast og etter kvart innehalde arkiva til stortingsrepresentantane av også nyare tid.

 

Tekst: Emil Stokkevåg, IKAMR

Kategori
Eldre arkiv
Privatarkiv