25.11.2021

Stranda-prosjektet

Ferdig etiketterte boksar på hylla. Foto: Egil Woldseth Hessen, IKAMR
Pene rekker med etiketterte boksar, ferdig ordna arkiv på hylla. Foto: Egil Woldseth Hessen, IKAMR
Oversiktsliste over innhald i reol 7 i magasin M-03. Foto: Egil Woldseth Hessen, IKAMR

Stranda kommune inngjekk i 2015 ein avtale med IKAMR om deponering og ordning av 146,7 hyllemeter arkiv. Prosjektet kom som eit resultat av eit tilsyn kommunen hadde frå Arkivverket før dette.

IKAMR kom ut og pakka ned dette materialet på våren 2019. Bilde og tekst frå den avleveringa kan sjåast her.

Etter kvart som prosjektet har tatt form, har vi hatt god kommunikasjon med kommunen, og også fleire hyllemeter har blitt sendt inn i tillegg til den originale mengda. Blant anna etter eit besøk i august 2020. Totalt er 170 hyllemeter arkiv gjennomgått, ordna, sett i arkivboks, listeført, etikettert og publisert på Arkivportalen.

I 2021 har også arkivet frå Stranda kommune frå før 1964 (i tillegg til Sunnylven) vore gjennom ein rydde- og komprimeringsjobb. Resultatet av dette kan sjåast her på Arkivportalen.

 

Tekst: Torstein Skeide Olsen

 

Kategori
Eldre arkiv
Kommune
Stranda