24.08.2021

Sunnmørsposten frå 1923 til dags dato

Nedpakking av Sunnmørsposten i Røysegata. Til venstre SMP ved Bjørn Halvosen og Hanna Relling Berg, til høgre IKAMR ved Egil Hessen, Lucas Moi, Aleksander Solevåg Larsen og Åsta Vadset - Foto: Staale Wattø, SMP

Torsdag 19. august var tre tilsette frå IKA i Røysegata og pakka ned redaksjonen sitt sett av innbundne aviser. Dagen etter vart samlinga pakka ut i depot i Kirkegata. Vi er stolte over å få ta vare på denne kulturskatten.

Sunnmørsposten vart første gong utgiven 30. november 1882, under namnet Søndmørsposten. Den gongen som eit organ for Venstre, frå 1977 partipolitisk nøytral.

Fram til 2006 kom avisa ut i fullformat – deretter i tabloidformat.

I forbindelse med at redaksjonen i Sunnmørsposten flyttar frå Røysegata 10 til Pirbygget, vart 43 hyllemeter med aviser deponerte ved IKA Møre og Romsdal. Eit make eksemplar av samlinga er tilgjengeleg ved Ålesund bibliotek. Avisene er også digitaliserte og dei første årgongane tilgjengelege via nasjonalbiblioteket.no.

Kategori
Privatarkiv
Kommune
Ålesund