18.05.2021

Tarefabrikken på Runde

Tarefabrikken i Goksøyra på Runde - Foto: Åsta Vadset, IKAMR

Frå 1937 til 2012 produserte ein fabrikk i Goksøyra på Runde produkt av tare henta frå fjørene på øya. No er arkivet etter fabrikken kome til oss.

Fabrikken produserte tarepinnar og skurebollar. Det var ein lang prosess å produsere tarepinnane. Først måtte taren plukkast, noko både born og vaksne kunne vere med på, så tørking. Tørkinga måtte skje på rett måte, dersom det var for kaldt eller for mykje vind, kunne ikkje råstoffet brukast. Desse tarepinnane heiter på fagspråket laminariastiftar. Laminariastiftar er små pinnar i ulike størrelsar som vart brukt ved kirurgiske og gynekologiske  inngrep. Salet av stiftane gjekk gjennom ei anna bedrift, Stavanger Foderfabrikk, dei hadde kontakter verda rundt. Det er berre ei anna kjend verksemd i verda som produserer slike stiftar, og den ligg i Japan, og nyttar ein annan type tare, så den vesle fabrikken på Runde hadde kundar mange stader i verda.

Mannen bak fabrikken var Arnold Goksøyr (1890-1982). Han var ein føregangsmann på Runde med mange jarn i elden. Han var med og starte opp elektrisitetsverk i Goksøyra allereie i 1926 og var driftsstyrar fram til straumen kom til øya i 1951. Han starta opp verksemda i sin eigen kjellar i 1937 men innsåg etter kvart at dei trengde meir plass. Frå 1949 var dei på plass i ny fabrikkbygning, og der heldt dei til, og brukte dei same maskinene, fram til nedlegging i 2012. Sonen Olav tok over etter faren og levde heile sitt liv i fabrikken. Han døydde i 2011.

Herøy kommune melde seg hausten 2020 inn i privatarkivordninga i Møre og Romsdal. Arkivet etter tarefabrikken på Runde blir tatt vare på og gjort tilgjengeleg som ein del av denne ordninga.

Du kan lese meir om tarefabrikken i Vestlandsnytt (bak betalingsmur): Tarefabrikken i goksøyra - Vestlandsnytt

Kategori
Privatarkiv
Kommune
Herøy