Tildeling av arkivutviklingsmidlar til forprosjektet "Digital kontaktkopiering"
Prosjektet omhandlar digital sikring for formidling av det fysiske fotoarkivet som består av filmnegativ frå lokalavisa Vikebladet i Ulstein, stifta i 1929, og tidlegare Vestposten i Hareid, stifta i 1971.
Målet med prosjektet er å sikre fotoarkivet ved bruk av ny teknologi kombinert med ein velkjent metode frå den analoge verda.
Eit sentralt mål for prosjektet er å kartlegge korleis ein kan oppnå ei rask og effektiv oversikt over innhaldet i motiva utan å iverksette omfattande ompakking av dei fysiske filmnegativa. Sluttresultatet ein ønsker å oppnå vil vere digitalfiler konverterte til positive bilde som gir tilstrekkeleg detaljrikdom for formidling og vurdering av fokus og skarpleik i filmnegativa.
Vikebladet Vestposten vil stå for formidlinga på sine medieplattformer, noko som vil gi både unge og vaksne i lokalsamfunnet i Ulstein og Hareid innblikk i og ny forståing av si næraste historie.
Gjennom spalta "Gårsdagen" har avisa i mange år presentert fotografi frå arkivet. Denne tilnærminga bygger bru mellom eldre og yngre generasjonar, og avisa ser at spalta potensielt vil få eit løft gjennom prosjektet.
Prosjektet vil inkludere avisa sin lærling i Innhaldsproduksjonsfaget, noko som vil gi verdifull erfaring både til lærlingen og begge lærebedriftene, sidan IKAMR også er lærebedrift i dette faget.
SEDAK ser på prosjektet som ei unik moglegheit til å prøve ut metoden, som potensielt kan overførast til andre likande fotoarkiv. Utviklingsmidlane frå Arkivverket skal fremje innovasjon for betre arkiv og dokumentasjon.
Innsatsområdet legg til rette for kunnskapsutvikling, samarbeid, fornying og omstilling i arkivsektoren der det er nødvendig å tenke nytt og kreativt, og gjerne utradisjonelt. Prosjektet treff svært godt innanfor innsatsområdet der søkarar kan teste ut, utforske, pilotere eller utvikle ein idé, arbeidsmåte, metodikk eller løysing.
Spørsmål om prosjektet kan rettast til:
Ottar A.B. Anderson
ottar.anderson@ikamr.no
Mobil 90918291
Info om SEDAK:https://www.ikamr.no/om-sedak-referansar
Linda Eikrem
Linda.Eikrem@vikebladet.no