12.12.2025

Tildeling av arkivutviklingsmidlar til forprosjektet "Tilgang på metadata i eit brukarperspektiv"

Kristin Aasbø, samlingsansvarleg arkivar ved Preus museum og rådgjevar Ottar A.B. Anderson ved SEDAK

"Tilgang på metadata i eit brukarperspektiv» er eit samarbeidsprosjekt mellom Fylkessenter for digitisering av kulturarven (SEDAK) ved IKAMR og Preus museum – det nasjonale fotomuseet i Horten.

Prosjektet sitt føremål er å kartlegge tilgang på metadata (informasjon som beskriv anna informasjon, data om data) i dei ulike digitale publiseringsplattformene i arkiv- og museumssektoren, sett frå ein sluttbruker sitt perspektiv. Aktuelle plattformer er Arkivverket sitt bildesøk på Digitalarkivet og Digitalt Museum frå KulturIT.

Nokre av spørsmåla prosjektet vil arbeide med er:

- Kva type metadata får ein tilgang på direkte i systema? Kva er likt, og kva er ulikt?

- Får sluttbrukar same forståing av arkivet uavhengig av publiseringsplattform?


- Vert statlege, fylkeskommunale, kommunale og private arkiv presentert med like gode metadata?

- Finst det potensiale å samkøyre ein felles metadatastandard og er det behov for strukturelle justeringar i systema?
 

Ønska resultat er å sjå på potensialet ein har i samarbeid om vidareutvikling av ein felles systemuavhengig metadatastandard.

Samarbeidsprosjektet treff godt innanfor Arkivverkets formål med utviklingsmidlane der søkar har intensjon om å gjennomføre eit større planlagde tiltak innanfor programområdet Innovasjonsarena for arkiv og dokumentasjon i etterkant av forprosjektet. Arbeidet med metadata er eit stort fagfelt, og forprosjektet vil kunne bidra med naudsynt informasjon for utarbeiding av ei felles ny søknad for ei slik vidareføring.

Spørsmål om prosjektet kan rettast til:

Ottar A.B. Anderson
ottar.anderson@ikamr.no
Mobil 90918291
Info om SEDAK: https://www.ikamr.no/om-sedak-referansar

Kristin Aasbø
kristin.aasbo@preusmuseum.no
Info om Preus museum: https://preusmuseum.no/om-oss

Kategori
SEDAK