15.12.2025

Tildeling av arkivutviklingsmidlar til ordning og tilgjengeleggjering av arkivet etter Møre og Romsdal Fylkesbåtar

Arkiv etter Møre og Romsdal fylkesbåtar. Foto: Åsta Vadset, IKAMR

I Møre og Romsdal, ofte skildra som fogderifylket, er der først og fremst ei bedrift som har sameint oss: Møre og Romsdal Fylkesbåtar (MRF). No har IKAMR fått tildelt 600 000 kr frå Arkivverket til å ordne og tilgjengeleggjere arkivet.

Selskapet, som vart stifta i juni 1920, dreiv båt- og ferjetrafikk i Møre og Romsdal, fram til 2001. Arkivet etter MRF står derfor i dei særstilling når det gjeld samferdselshistoria i fylket vårt. Innsamling og bevaring av arkiv etter samferdselssektoren står oppført i tiltaksplanen basert på Bevaringsplanen for private arkiv i Møre og Romsdal 2024-2027.  Våren 2025 vart eigedomsretten til MRF-arkivet overført frå Fjord1 til IKAMR, som er fylkeskoordinerande institusjon for privatarkiv i Møre og Romsdal.

Arkivet består av: styremøtepapir, årsmeldingar, avisutklipp, korrespondanse, kontrakter, dekksjournalar, reknskap, lønningslister, foto – og andre så langt uidentifiserte arkivseriar. Ytterår ca 1920 – 2001. I arkivet er der også funne materiale frå forgjengaren Møre Fylkes Ruteselskap. I mengde utgjer arkivet: 70 hyllemeter.

Dette arkivet er ei gullgruve for alle som er opptekne av samferdselshistorie i fylket.

Vi takkar for tildelinga!


Tekst: Åsta Vadset

Kategori
Privatarkiv