15.12.2023

Tildeling av nasjonale utviklingsmidlar frå Arkivverkets til to prosjektet

F.v.: Åsta Vadset, rådgjevar for private arkiv, Anne Tømmervåg, Fylkesfotoarkivar og Ottar A.B Anderson, fagleg leiar SEDAK Foto: Piotr Cabaj / SEDAK
Skjermbilde frå TEAMS-møte f.v. Åsta Vadset, rådgjevar for private arkiv, oppe til høgre Trudi Henrydotter Eikrem, og nede til høgre Elin Gundersen, Høgskulen i Volda

Vi er glade og takknemlege for at IKAMR har fått tildelt utviklingsmidlar frå Arkivverket til to prosjekt i år!

Prosjektet «Metodeutvikling for mediekonvertering av bilder har som føremål å utforske forslag for beste praksis for mediekonvertering av filmbaserte foto (til dømes negativ og dias). Tilnærminga vil vere gjennom utvida bruk av metadata og bruk av oppdatert teknologi og metode.

Det 2-årige prosjektet vart tildelt kr 400 000,- og er eit konkret samarbeid mellom Fylkessenter for digitisering av kulturarven (SEDAK) og Fylkesfotoarkivet, der utval frå fotoarkivet blir nytta i arbeidet i prosjektet. Samhandling mellom dei to ulike fylkeskommunale tenestene om felles utnytting av ressursar vil potensielt gi auka måloppnåing i prosjektet.

Fagmiljøet ved NTNU i Gjøvik ved Institutt for datateknologi og informatikk gjennom førsteamanuensis Giorgio Trumpy bidrar med ekstern kompetanse og rådgjeving om val av vitenskapelig metode. Thrumpy blir sett på som ein av dei fremste ekspertane på fagfeltet internasjonalt.

Ønska resultat er kunnskapsdeling med det nasjonale fagfeltet.

Prosjekt nr to er samarbeidet "Arkivet i demokratiets teneste; kvalifiserte kunnskapsprodusentar i høgare utdanning" mellom biblioteket ved Høgskulen i Volda, Institutt for planlegging og administrasjon og skuleretta samfunnsfag (IPAS) / Avd. for samfunnsfag og historie (ASH) ved Høgskulen i Volda og IKAMR – vart tildelt kr 350 000,- til andre året i eit to-årig prosjekt.

Formålet er å styrke lærarar si kompetanse om arkiva si betydning for enkeltmenneske og fellesskapen gjennom arbeid med arkiv og historiske kjelder. Arkivkompetanse er eit underkommunisert vilkår for å skjøne den demokratiske praksis. Lærarar treng kunnskap om arkiv for å utvikle eigenrefleksjon og kritisk kompetanse om kunnskapsproduksjon, og formidle desse innsiktene til elevar, t.d. ved å bruke arkivdokumentasjon i didaktisk arbeid. Samarbeid mellom skule og arkivinstitusjonar bør derfor undersøkast som tiltak for å styrke demokratiforståing og opplæring.

Info frå Arkivverket om årets tildelingar:
https://www.arkivverket.no/nyheter/utviklingsmidler-2023-rekordmange-soknader