14.12.2022

Tildeling av utviklingsmidlar frå Arkivverket 2022

Åsta Vadset, rådgjevar for private arkiv IKAMR, og Ottar Breivik Anderson, leiar for SEDAK. Foto: Anne Tømmervåg, FylkesFOTOarkivet / IKAMR
I dag fekk vi svært gode nyhende frå Arkivverket med tildeling av utviklingsmidlar til begge søknadane vi har hatt inne i år.

Samarbeidet "Arkivet i demokratiets teneste; kvalifiserte kunnskapsprodusentar i høgare utdanning" mellom Institutt for planlegging og administrasjon og skuleretta samfunnsfag (IPAS) / Avd. for samfunnsfag og historie (ASH) ved Høgskulen i Volda og IKAMR – vart tildelt kr 160 000,- til første året i eit to-årig prosjekt.

Formålet er å styrke lærarar si kompetanse om arkiva si betydning for enkeltmenneske og fellesskapen gjennom arbeid med arkiv og historiske kjelder. Arkivkompetanse er eit underkommunisert vilkår for å skjøne den demokratiske praksis. Lærarar treng kunnskap om arkiv for å utvikle eigenrefleksjon og kritisk kompetanse om kunnskapsproduksjon, og formidle desse innsiktene til elevar, t.d. ved å bruke arkivdokumentasjon i didaktisk arbeid. Samarbeid mellom skule og arkivinstitusjonar bør derfor undersøkast som tiltak for å styrke demokratiforståing og opplæring.

Senter for digitisering av kulturarven (SEDAK) og NTNU, Colorlab i Gjøvik fekk kr 431 140,- til andre året av sitt samarbeidsprosjekt "Kvalitetssikring av digitisering i Digitalarkivet". 

Det at vi får ei vidareføring av FoU-prosjektet også neste år betyr mykje for arbeidet ved SEDAK. Funna i forprosjektet gav eit heilt klart og tydeleg svar på at det er behov for kvalitetssikring av dei digitiserte/mediekonverterte arkivkjeldene som allereie er publiserte på Digitalarkivet. At ein no kan sikre kvaliteten på arkivkjelder som i framtida skal digitiserast/mediekonverterast og publiserast er svært tryggande. 

Målet for hovudprosjektet er at ein skal kunne gjennomføre automatisert sortering av kvalitetsnivå i samsvar med ISO 19264-1:2021 og validering av filer ved bruk av JHOVE,(JSTOR/Harvard Object Validation Environment). Prosjektet sikrar også at informasjon om kvalitetsnivå følger i metadataen til filene via XMP (ExtensibleMetadata Platform). Dette gir arkivsektoren og sluttbrukaren moglegheit til å samanlikne arkivkjelder (datasett) for analyse og forsking på likt grunnlag (same kvalitetsnivå), uavhengig av kva for ein arkivinstitusjon som har digitisert/mediekonvertert materialet. Sidan informasjon om kvalitetsnivå følger filene som metadata, vil det for arkivsektoren bli mogleg å gjennomføre ein revisjon av kvalitet, uavhengig av databasesystem. 

Arbeidet blir utført i samarbeid med fagmiljøet ved NTNU Colorlab i Gjøvik og Institusjonsfotografenes forening (IFF). 

Vi takkar for tildelingane og gler oss samstundes over at det har blitt gitt tildeling til to andre prosjekt i fylket vårt:

  • Stiftelsen Nordmøre museum: "Ordning og publisering av arkivet etter Storvik Mekaniske Verksted". Her vil IKAMR bidra med ordningskompetanse.
     
  • Stiftelsen Romsdalsmuseet: "Jonas Lied-arkivet".  SEDAK vil utføre eit stort digitiseringsarbeid i dette prosjektet.  

Lista over alle tildelingane finn du her: Disse prosjektene får utviklingsmidler i år - Arkivverket

 

Tekst: Åsta Vadset, IKAMR/Ottar Breivik Anderson, SEDAK/IKAMR