23.06.2014

Underskriftskampanje anno 1917 - Forbod mot snop!

underskriftskampanje_anno_1917_forbod_mot_snop_large.jpg

Det er helg! No er det tid for kos! Med snop, god mat og god drikke! Og kanskje ein sigarett eller ein ekstra pris snus?

I media les vi dagleg at det står dårleg til med helsa til den norske mann og kvinne. Helsemyndigheitene er bekymra. Vi kosar oss for mykje! Og ikkje berre på laurdagar! Spesielt ungdommen får gjennomgå. Dei er både for stillesittande og et for mykje snop.

Men er det noko nytt? I arkivet finn vi i 1917 at det var vore ein underskriftskampanje i Herøy kommune. Over 100 personar skreiv under på at dei ønskte forbod på sal av ”cigaretter, snus og snop”. Dei unge slapp heller ikkje då unna: ”da vor ungdom, i denne dyre tid, óder sine penger paa det de saa godt kan være foruten, og ikke bare det, men det ødelegger ogsaa deres helse”

Det er bra at vi stadig blir minte på å tenkje gjennom vanane våre, men det er viktig å kose seg innimellom! Alt med måte. God helg frå arkivarane ved IKA Møre og Romsdal!

Kategori
Foto
Kommune
Herøy