07.04.2014

Verdserklæringa om arkiv endeleg på norsk

uda-nynorsk-endelig-versjon.jpg_large.jpg
I 2010 vedtok den internasjonale arkivorganisasjonen International Council on Archives (ICA) ein ”Universal Declaration on Archives” (UDA). Erklæringa er ein prinsipputtale om arkiv, og slår blant anna fast den viktige samfunnsrolla til arkiva. No er UDA omsett til norsk.

Verdserklæringa skal brukast til å få meir fokus på arkiv i Noreg, og det kollektive ansvaret alle i forvaltninga har til å sikre arkiv. Riksarkivet, Arkivarforeninga, Kulturrådet, Fagforbundet, KS, Landslaget for lokal- og privatarkiv og Norsk arkivråd har samarbeida om omsettinga. Verdserklæringa om arkiv er omsett til både bokmål og nynorsk.