Vikebygda Sanitetslag og Noregs dokumentarv
Noregs dokumentarv er eit register over ein del av dei viktigaste dokumenta i norsk historie, næringsliv, kulturliv og anna samfunnsverksemd.
Registeret er ei nasjonal utgåve av UNESCOs Verdsminne-program (Memory of the World), som skal bidra til å verne og tilgjengeleggjere verdas dokumentarv og framstå som menneskja sitt kollektive minne. Dokumenta er valde ut av den norske komiteen for verdas dokumentarv på grunnlag av nominasjonar i hovudsak frå arkiv, museum og bibliotek.
Norske Kvinners Sanitetsforening vart stifta i Oslo i 1896. Lokalforeiningar vart raskt danna over heile Noreg. Arkiva etter dei lokale sanitetsforeiningane syner på mikronivå den store innsatsen som vart lagt ned i små og store lokalsamfunn landet over. Det var sanitetsforeiningane i lag med helselaga som bygde opp primærhelsetenester i form av skuletannlege, helsekontroll, heimesjukepleie, sjukestover, sjukeheimar, tuberkuloseheimar, helsestasjonar, husmorvikarteneste, og også barnehagar. Desse tenestene vart etter kvart tekne over av det offentlege. Dei store sanitetsforeiningane bygde og dreiv institusjonar - medan dei små bidrog inn i dette arbeidet med mindre, men heilt avgjerande byggesteinar. Og desse små foreiningane fanst det mange av. Med nominasjonssøknaden ønskte IKAMR å sette fokus på dette viktige arbeidet, som skjedde på dugnad, primært av kvinner som ofte hadde store omsorgsoppgåver i utgangspunktet.
I tildelingsbrevet står det:
Gjennom de lokale sanitetsforeningene rundt omkring i hele Norge har primært kvinner lagt ned en stor dugnadsinnsats gjennom mange år for å bygge opp (primærhelse)tjenester som vi i dag tar for gitt. Arkivet etter Vikebygda sanitetslag illustrerer hvordan de små sanitetslagene var brikker i et større arbeid som til sammen var med å utvikle velferdssamfunnet i første halvdel av 1900-tallet. Arkivet etter Vikebygda Sanitetslag, som fortsatt er aktivt, er et utmerket eksempel på arbeidet og innsatsen til Norske Kvinners Sanitetsforening sine lokallag nasjonalt.
Arkivet etter Vikebygda Sanitetslag 1925-2016 tas inn som en del av Norges dokumentarv.
Arkivet etter Vikebygda sanitetslag er eitt av 107 foreiningsarkiv som IKAMR og NKS Møre og Romsdal har samla inn i det fylkesdekkande sanitetsarkivprosjektet. Ved hjelp av utviklingsmidlar frå Arkivverket, og bidrag frå NKS sitt fylkeslag, er arkiva ordna. Arkivlistene ligg på arkivportalen.no. Og møtebøkene og årsmeldingane er digitaliserte og lagde tilgjengelege på digitalarkivet.no. På denne måten har vi lagt til rette for at historiene til sanitetsforeiningane er gjorde tilgjengelege. Både for forskarar og andre.
IKAMR har laga ein kort film basert på innhald frå arkivet etter Vikebygda saniteslag som du finn her.
Diplomutdelinga skjer på eit lanseringsseminar ved Litteraturhuset i Oslo i dag 1. desember 2022. Av i alt 29 søknadar er 9 arkiv valde ut til Noregs dokumentarvregister i 2022. Dei andre er:
- Arkivet etter Hotel Mundal, Vestland fylkeskommune
- Sven Hörnells bilder av eggsanking på Røst og ørnefangst for hånd på Værøy, Arkiv i Nordland
- Etterlatte papirer etter Petronelle Nielsen, Nasjonalbiblioteket
- Det norske forbundet av 1948 sitt arbeid med partnerskapsloven, Arkivverket
- Arbeidsbøker og dagbøker frå Bondelia husmorskole, Innlandet fylkesarkiv
- Idrætsforeningen Odds arkiv, Idrætsforeningen Odd
- Norsk målføresynopsis 1946-1970, Universitetsbilioteket / Universitetet i Bergen
- Nasjonalgalleriets arkiv, Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design
Tekst: Åsta Vadset, IKAMR