06.12.2021

Workshop om ny arkivlov på Vestnes Fjordhotell 29. november 2021

Illustrasjon paragraf

IKAMR arrangerte workshop for eigarkommunane om Kulturdepartementets forslag til ny arkivlov den 29. november på Vestnes Fjordhotell.

Innlegga til dagleg leiar Jesper Sode Hansen og tidlegare førsteamanuensis Gudmund Valderhaug vart sende ut digitalt. Det var god deltaking på workshopen. Totalt var det 17 til stades fysisk på Vestnes og 16 fulgte innlegga digitalt.

Bakgrunnen for workshopen er at Kulturdepartementet den 5. oktober sende forslag på ny arkivlov ut på høyring. Forslaget bygger på arbeidet til Arkivlovutvalget – Fra Kalveskinn til datasjø – som blei lagt fram i 2019. Høyringsfrist er 14.01.2021 og workshopen hadde som mål å stimulere til høyringsinnspel frå kommunane.

Du kan sjå innlegget til Gudmund Valderhaug på Youtube-kanalen vår. Gudmund er tidlegare førsteamanuensis i arkivutdanninga ved OsloMet og har mange tiårs erfaring frå arkivbransjen.

IKA Møre og Romsdal tek med seg innspela frå eigarane inn i vårt arbeid med høyringsinnspel.

 

Tekst: Vibeke Solbakken Lunheim