06.02.2020

Personvernrombodprosjektet

 Om personvernombod

20. juli 2018 trådde lov om behandling av personopplysninger (personopplysningsloven) som avløyste personopplysningsloven av 14. april 2000 i kraft. Den nye lova består av to hovudelement. For det første vart EU si personvernforordning gjort til norsk lov gjennom ei inkorporasjonsbestemming. For det andre vart det gitt ei rekke bestemmingar som supplerer reglane i forordninga.

Under den nye lova pliktar alle offentlege og ei rekke private verksemder å ha personvernombod.

Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal IKS administrerer eit prosjekt som leverer tenesta personvernombod til fylkeskommunen og ein rekke kommunar i Møre og Romsdal. Vi har to personvernombod tilsette i dette prosjektet.

Oppgåvene til personvernombodet er blant anna:

  • Informere og gi råd om personvernregelverket
  • Kontrollere at personvernregelverket blir overhalde
  • Samle inn informasjon for å identifisere og kartlegge behandlingar med personopplysningar
  • Analysere og sjekke at behandlingsaktivitetane er i samsvar med regelverket
  • Gi råd om vurdering av personvernkonsekvensar
  • Gjennomføre haldningsskapande arbeid i verksemda og opplæring av medarbeidarar
  • Fungere som kontaktpunkt for innbyggarane, blant anna å vere kontaktpunkt overfor dei registrerte ved brot på personopplysningssikkerheita 

Generelle førespurnader til personvernomboda skal sendast til personvernombud@ikamr.no 

Vi gjer deg merksam på at vanleg e-post er ukryptert. Vi fordrar deg difor til å ikkje sende informasjon underlagt teieplikt, sensitive eller andre fortrulege opplysningar via e- post.