10.12.2021

Astrid Lillerøvde sine dagbøker 1924-1929

Astrid Lillerøvde. Foto: Karl Kornberg, Volda. I privat eige.
Frå Runde fyr i perioden familien Lillerøvde budde der. Foto: ukjent. I privat eige.

"Torsdag 21 mars 1929: Flagget til tops yver Rundøy fyr! Endeleg var då dagen komen at vår høgvyrde, einaste krunprins skulde viast til den elskelege prinsesse Märtha. Krums, Gjelle, Mart og eg skulde iveg og yververe vielsen pr. radio. Fekk mildt behageleg vér, og starta her ifrå kl. 9, proppa med komiske vittigheiter og spændande forventning."

Sommaren 2020 hadde eg med meg feriegjestar til Runde fyr. Då vi var på retur forbi fyrmeisterbustaden kom der ei kvinne ut. Ho fortalde at ho budde der nokre netter, for å besøke plassen farmora hennar vaks opp på. Ikkje nok med det – ho sat og las i dagbøkene farmora hadde skrive den gongen. Ho uttrykte også at ho var usikker på korleis ho skulle forvalte denne arven. Sidan det er akkurat bevaring av privatarkiv eg jobbar med, så kunne eg hjelpe henne med den saka. Kvinna var Tone Ljoså, sonedottera til Astrid Lillerøvde.

Dagbøker som har tilhøyrt nær familie har naturleg nok stor affeksjonsverdi for oss, slik som for Magni Ljoså, dottera til Astrid. Ved IKAMR vurderte vi denne dokumentasjonen så verdifull at vi bad om å få låne inn dagbøkene og digitisere dei, for på denne måten å bevare innhaldet. Magni hadde transkribert alle 11 dagbøkene, og sett inn fotnotar som er eit svært viktig bidrag til konteksten bøkene kan lesast i. Vi fekk løyve til å dele transkribert versjon i lag med den digitiserte.

Vi vil takke Magni og Tone for godt samarbeid og for viljen til å dele denne personlige skatten med oss alle. Dette er litt av ei julegåve!

Lenker til dagbøkene og den transkriberte versjonen på digitalarkivet.no ligg under Søk i skanna arkiver i menyen.

Lenke til internt nyhende om dagbøkene.

 

Tekst: Åsta Vadset

Kategori
Privatarkiv