04.03.2026

Klippfisk og tilfeldigheiter

Skjermdump - Artikkelen i Journal of Management Studies
Førstekonsulent ved IKAMR, Emil Stokkevåg, ser på materialet hos Tine Meieriet Ålesund. Foto: Guro Flø, IKAMR
Rolv Petter Amdam på lesesalsbesøk i 2023. Foto: Piotr Cabaj

For tre år sidan var vi innom Tine Meieriet Ålesund for å estimere kostnad på depotleige for arkivet deira. Der fekk vi kjennskap til ei samling med arkiv som var funne i lokala fleire år tidlegare. Vi fekk lov til å kike på dokumentasjonen og etter kvart overføre den til IKAMR. Men kva var dette for dokumentasjon?

Det viste seg å vere arkiv etter tre ulike klippfiskeeksportørar i Ålesund, frå 1920 til 1950.

Då vi hadde fått ei betre oversikt over innhaldet, kontakta vi Rolv Petter Amdam, professor i historie ved BI, sidan han tidlegare hadde besøkt lesesalen vår og sett på liknande dokumentasjon.

No er arkiva brukte i artikkelen «When Trade Wars Heal: What History Teaches Us About Business Diplomacy and Resilient Supply Chains» publisert i ei spesialutgåve av det internasjonale tidsskriftet Journal of Management Studies. 

Artikkelen er skriven i samarbeid med Trudi Henrydotter Eikrem ved Høgskulen i Volda og forskarar ved University of York, England og Nova School of Business and Economics, Portugal, og Handelshøyskolen BI og handlar om konflikten mellom Portugal og Noreg om portvin og klippfisk.

Konflikten starta då Noreg innførte forbod mot import av heitvin som ein del av brennevinsforbodet. Portugal svara med å legge høg toll på norsk klippfisk, noko som brått avslutta eit handelsforhold som hadde vart i fleire hundre år.

Eit sentralt funn i studien er rolla til næringslivsorganisasjonar. I ein periode utan sterke internasjonale handelsinstitusjonar, fungerte eksportørar, importørar og handelskammer som diplomatar. Desse organisasjonane forhandla fram viktige avtalar, som Lisboa-avtalen i 1929, før styresmaktene sjølve fekk på plass ein bilateral handelstraktat i 1934. Dette viser at bedrifter og kollektive organisasjonar kan fungere som brubyggarar i tider med politisk spenning.

Dette syns vi er flott og ei forteljing om kor tilfeldig ting kan vere!

Kategori
Privatarkiv