14.11.2022

Kontaktkonferansen i Kristiansund 2022

Dagleg leiar Jesper Sode hansen opnar programmet på Caroline kino- og konferansesenter. Foto: Andri Jonsson, IKAMR

Kontaktkonferansen i Kristiansund vart gjennomført 9.-10. november på Scandic Hotell Kristiansund og Caroline kino- og konferansesenter.
Her kan du finne presentasjonane frå konferansen.

IKAMR Kontaktkonferansen i Kristiansund 9.-10. november 2022 vart vellykka med omtrent 70 deltakarar begge dagane. Vi hadde variert fagleg program fordelt på dei to dagane, inkludert foredrag, paneldebatt, gruppediskusjonar, IKAMR-standar, felles middag, Mario Kart-turnering, nettverksbygging og sosialt samvær.

Silje Ekroll Riborg, arkivleiar i Ulstein kommune, vart kåra Årets arkivar 2022.

Fredagen etter konferansen vart det sendt ut eit evalueringsskjema til alle deltakarar, som vil vere nyttig ved planlegging av neste års konferanse.

Lysbilda frå dei ulike foredraga finn du her nedanfor i PDF-format.

Tusen takk til alle som deltok på Kontaktkonferansen 2022 i Kristiansund, vi gler oss til å møtast igjen i Molde 2023!

Kategori
Kontaktkonferansen