31.08.2017

Personvernombod-teneste

personvernombod.jpg

Det nye regelverket som trer i kraft i mai 2018 styrkar ordninga med personvernombod. Møre og Romsdal Fylkeskommune foreslår at tenesta vert lagt til IKA Møre og Romdal.

IKA Møre og Romsdal vart kontakta av Møre og Romsdal fylkeskommune med førespurnad om vi kan ta på oss ei personvernombod-teneste for dei og eventuelt for andre kommunar i fylket. 30.08.2017 var 30 personar samla til informasjonsmøte om den nye personvernforordninga og til diskusjon om det å legge tenesta til IKA Møre og Romsdal kan vere av interesse for eigarkommunane.

Det var stor interesse, blant kommunane som var til stades, for å knyte seg til ei slik ordning. Det vert sendt ut eit skriv til alle kommunane i Møre og Romsdal med meir informasjon om prosessen vidare.
 

Eirik Jenssen / Møre og Romsdal Fylkeskommune sin presentasjon finn du som vedlegg nederst på sida.

Les meir om personvernombod på datatilsynet sine nettsider.

 

Tekst: Geir Håvard Ellingseter, IKAMR.