27.05.2026

Slektsforskning i bortgøymt fattigkasserekneskap frå Kristiansund

Frå venstre: Anne-Britt Herfindal Johannessen, Marianne Herfindal Johannesen, Andri Jonsson, IKAMR. Foto: Åsta Vadset, IKAMR.

Etter fleire år med leiting etter opplysningar om slektningar frå 1860-talet har slektsforskarar frå Bergen funne ny informasjon i dei historiske kommunale arkiva frå Kristiansund kommune. Dokumentasjonen vart funnen i uordna fattigkasserekneskap frå kemnerkontoret i Kristiansund, som har vore bortgøymt i ein mannsalder. Fattigvesenet sitt arkiv er ei viktig kjelde for slektsgransking, og fram til no trudde vi at det meste av fattigvesenet sitt gamle arkiv i Kristiansund var tapt for alltid.

Den 28. april 1940 vart Kristiansund råka av eitt av dei kraftigaste luftåtaka i Noreg under andre verdskrigen. Halvparten av byen vart øydelagd, og størstedelen av befolkninga vart evakuert til nabokommunane. Blant bygningane som gjekk opp i flammar desse dagane var forsorgskontoret. I ein verjerådsprotokoll som tek til i april 1940, vert det forklart at boka byrjar på nytt ettersom kontoret til forsorgsvesenet vart «herjet av brandkatastrofen», der arkiv og protokollar brann opp; «alt gikk tapt».

Lite arkivmateriale er derfor bevart frå sosialtenesta i Kristiansund før 1940.

Fattigvesenet sitt arkiv kan innehalde viktige kjelder for slektsgransking. I desse arkiva kan ein finne opplysningar om familieforhold, bustad, økonomiske forhold, arbeidsforhold og forsørgingsansvar tilbake til midten av 1800-talet. Dette gjer fattigvesenet sitt arkiv særleg verdifullt for å spore personar som elles etterlet seg få skriftlege spor i samfunnet. Opplysningar om barn fødde utanfor ekteskap, fosterplassering, støtte til enker eller eldre og flytting mellom kommunar kan òg førekome.

Vi får regelmessig besøk av slektsforskarar på lesesalen for å bruke kommunale arkiv til slektsgransking. Denne veka har vi hatt besøk av slektsforskarar frå Bergen, som leita etter spor etter ei slektning frå Kristiansund som flytta til Bergen på 1860-talet. På grunn av det manglande arkivet etter fattigvesenet i Kristiansund hadde vi ikkje store forventningar om å finne mykje.

IKAMR har den siste tida byrja arbeid med grovordning av eldre arkiv frå Kristiansund som lenge har stått uordna (blant dette materialet finn vi eit svært interessant saksarkiv frå rådmannskontoret frå perioden 1940-1945, som praksisstudenten frå Høgskulen i Volda har ordna og registrert våren 2026). I 2008 deponerte kommunen store mengder eldre arkiv til IKAMR frå det som tidlegare heitte Kemnerkontoret i Kristiansund. Dette materialet inneheld mykje eldre kommunerekneskap frå 1800- og 1900-talet som hittil har vore lite brukt, og som har stått uordna og uregistrert. Det inneheld òg mykje bilag og kvitteringar som no er over 100 år gamle, og som vanlegvis ikkje vert tekne vare på i særleg stor grad.

Blant arkivet til kemnerkontoret finn vi ein arkivserie med kommunerekneskap frå perioden 1837-1885. Serien består av titals arkivpakkar, truleg pakka på tidleg 1900-tal, fulle av mindre brevpakkar og konvoluttar. Pakkane er pakka i gråpapir og haldne saman med snor og arkivarknute. På pakkane heng det gamle etikettar som fortel om innhaldet: «Søndagsskoleregnskap», «Havnekasseregnskap», og om lag tre hyllemeter med pakkar merka «Fattigvesenets regnskap». Det er truleg mange tiår sidan nokon sist studerte innhaldet i desse pakkene.

Fattigvesenets rekneskap frå Kemnerkontoret i Kristiansund 1837-1885 er pakka i "originale" arkivemballasje frå tidleg 1900-tal.

Ved nærare undersøkingar viser det seg at arkivserien ikkje vart nøyaktig ordna då han vart pakka og sett bort på 1920- eller 1930-talet. Det må gjerast mykje arbeid for å ordne og registrere serien for allmenn bruk, og innhaldet viser seg ikkje berre å vere rekneskap, men òg brevkorrespondanse og andre administrative dokument tilhøyrande fattigvesenet. Serien inneheld derfor viktige kjelder frå fattigvesenet som hittil har vore rekna som tapte for alltid.

Arkivserien er svært innhaldsrik og gir eit unikt bilete av befolkninga i Kristiansund på 1800-talet. Her finst dokumentasjon om dei fattige og sjuke, om kriminelle som vart tvangsflytta frå byen, og om andre innbyggarar som tok del i fattigomsorga. Arkivet dokumenterer donasjonar frå privatpersonar og organisasjonar til fattigvesenet, og inneheld dokumentasjon om drifta av dei ulike fattighusa og sjukehusa i byen, og truleg mykje meir.

Fattigvesenets rekneskap 1866

No står det att for IKAMR å ordne og registrere arkivserien, samt å gå gjennom dei andre hyllemetrane med uordna og uregistrert rekneskap, bilag og anna dokumentasjon frå kemnerkontoret. Materialet vil innehalde viktig historisk dokumentasjon om Kristiansund, som kan verte nyttige kjelder for lokalhistorisk forsking og slektsgransking i Kristiansund og på Nordmøre.

Her følger ei inventarliste til Innlandet fattig- og sjukehus frå 1866 som dukka opp i arkivet:

Inventarliste Innlandet fattig- og sykehus 1Inventarliste Innlandet fattig- og sykehus 2

 

Tekst: Andri Jonsson, IKAMR.

 

Kategori
Eldre arkiv
Kommune
Kristiansund