SEDAK

To kvinner og ein mann ser mot kamera, eine kvinna og mannen held negativar mellom seg
F.v.: Redaktør i Vikebladet Vestposten Linda Eikrem, lærling Emily Victoria Bigset og Ottar A.B. Anderson, SEDAK med ei mappe filmnegativar frå arkivet. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes, Vikebladet Vestposten
12.12.2025

Tildeling av arkivutviklingsmidlar til forprosjektet "Digital kontaktkopiering"

"Digital kontaktkopiering" er eit samarbeidsprosjekt mellom Fylkessenter for digitisering av kulturarven (SEDAK) ved IKAMR i Ålesund og Vikebladet Vestposten i Ulsteinvik.

Les meir »
Tre kvinner og to menn i eit black box studio står bak eit kvitt bord med arkivmateriale. Alle smiler mot kamera.
F.v.: Piotr Cabaj, Vibeke Solbakken Lunheim, Leah Humenuck, Ottar A.B Anderson og Anne Tømmerbakk. Foto: Piotr Cabaj, IKAMR
11.06.2025

Besøk av doktorgradsstipendiat i fargelære

Leah Humenuck, doktorgradsstipendiat i fargelære ved Rochester Institute of Technology i USA, har besøkt IKA Møre og Romsdal som ein del av forskingsprosjektet sitt. Ho brukar materiale frå arkiva våre – mellom anna gamle dokument og historiske fotografi – i arbeidet med å utvikle nye metodar for å bevare og digitisere kulturarv.

Les meir »
Bilde av tre menn og ei kvinne som ser mot fotografen oppe i fjellsida av Aksla, med Ålesund by og øyar bak
Prosjektteam på utflukt til Fjellstua i Ålesund i høve besøk frå NTNU i Gjøvik i april 2024. F.v: Ottar A.B Anderson (SEDAK) , Giorgio Trumpy (NTNU), Piotr Cabaj (IKAMR) og Anne Tømmervåg (Fylkesfotoarkivet) Foto: Ottar A.B Anderson/SEDAK
Mann på ei svene presenterer noko på ein storskjerm bak
Ottar A.B Anderson presenterer ved Digital Transitions Cultural Heritage Roundtable, New York City. Foto: privat Ottar A.B Anderson
Skjermdump frå eit videomøte med ein eldre og ein yngre mann, begge smiler mot webkamera.
F.v. : Eldar Høidal frå VITI / Møbelmuseet og Kenneth Staurset Fåne frå Romsdalsmuseet.
19.12.2024

Tildeling av arkivutviklingsmidlar frå Arkivverket

Arkivverket har fordelt arkivutviklingsmidlar for 2024. Rundt 1,5 av ein pott på 15 millionar går til prosjekt i Møre og Romsdal.

Les meir »
Ein man står fremst i ein sal og presenterer bilde oppe på veggen for ei mengde folk ein berre ser bakhovudet på
Prosjektleiar Ottar A.B Anderson presenterer fyrste resultat i innlegget "Paradigm shift in the technical metadata structure?" ved 2and3D Photography-konferansen i slutten av mai. Foto: Bjarte Aarseth/Kulturhistorisk museum ved UiO
2 menn i eit black box studi jobbar med avansert fotoutstyr og data.
BETA-testing av ny teknologi frå Digital Transitions, USA F.v: Dániel Horváth (Digital Transitions) og Piotr Cabaj (IKAMR) under opplæring av utstyret i studioet til SEDAK i Ålesund. Foto: Ottar A.B Anderson/SEDAK
3 menn og ei kvinne ser i kamera, bak dei er det fin utsikt mot Ålesund by og fjell og øyar rundt.
Prosjektteam på utflukt til Fjellstua i Ålesund i høve besøk frå NTNU i Gjøvik F.v: Ottar A.B Anderson (SEDAK) , Giorgio Trumpy (NTNU), Piotr Cabaj (IKAMR) og Anne Tømmervåg (Fylkesfotoarkivet) Foto: Ottar A.B Anderson/SEDAK
12.06.2024

Presentasjon ved 2and3D Photography-konferansen ved Rijksmuseum

Resultat frå fyrste sprint i utviklingsprosjektet!

"Metodeutvikling for mediekonvertering av bilder» vart presentert ved den internasjonale 2and3D Photography-konferansen i Amsterdam, Nederland 29.-31. mai.

Les meir »
Bilde av ein mann som står framfor ein storskjerm og viser noko på eit nettbrett
Ottar A. B. Anderson. Arkivfoto: Piotr Cabaj, SEDAK/IKAMR
09.10.2023

Webinar om digitisering - SEDAK deler erfaringar

Kollegaen vår, Ottar, som er leiar ved SEDAK, skal denne veka vere med på ei kunnskaps- og erfaringsutveksling om digitisering saman med representantar frå Arkivverket og Nasjonalbiblioteket.

Les meir »
Foto: Piotr Cabaj, IKAMR/SEDAK
Foto: Piotr Cabaj, IKAMR/SEDAK
Foto: Piotr Cabaj, IKAMR/SEDAK
Foto: Piotr Cabaj, IKAMR/SEDAK
Foto: Piotr Cabaj, IKAMR/SEDAK
Foto: Piotr Cabaj, IKAMR/SEDAK
03.10.2023

Digitisering av LP-plater - Live frå IKAMR/SEDAK

Onsdag 4. oktober kl 09:00 skal SEDAK, via direktesending på YouTube, digitisere framsida av 140 LP-plate-omslag. Digitiseringa er bestilt av Fonna forlag ved forfatter Arild Torvund Olsen i forbindelse med utgiving av boka Slagersong og svartmetall i 2024.

Les meir »
Gruppebilde rundt eit bord
Fotograf: Piotr Cabaj, SEDAK/IKAMR
24.05.2023

Besøk av Arkivforbundet

I føremiddag har vi hatt besøk av ein kunnskapsrik og triveleg gjeng, nemleg styret i Arkivforbundet!

Les meir »
Fire menn ser og smiler mot kamera, dei sit rundt eit kvitt arbeidsbord med laptopar på. I bakgrunnen ein stor tv-skjerm.
Arbeidsmøte ved NTNU i Gjøvik i mars 2022 saman med studentar ved IDI. F.v: Mikael Falkenberg Krog, Jakob Frantzvåg Karlsmoen, Martin Wighus Holtmoen og Ottar A.B Anderson. Foto: Ottar A.B Anderson, SEDAK
Framsida til magasinet Arkivråd, nr 1 av 2022, i blå fargar.
Framsida av Arkivråd 1/22
21.09.2022

Artikkel om FoU-prosjektet «Kvalitetssikring av digitisering i Digitalarkivet» i tidsskriftet Arkivråd

Fylkessenter for digitisering av kulturarven (SEDAK) ved Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal (IKAMR) har dei siste par åra jobba med eit forprosjekt og eit pågåande hovudprosjekt, som har omfatta kvalitetssikring av digitisering i Digitalarkivet. Forprosjektet har gitt ei utgreiing av behovet for ei kvalitetssikring og hovudprosjektet har omfatta beskriving og utvikling av metode og verktøy for ei integrert automatisert kvalitetssikring av dei digitiserte arkivkjeldene publisert på Digitalarkivet.

Les meir »
Ei gruppe personar, 3 kvinner og 5 menn står i to rekker og smiler mot kamera. Dei står inne i ein lagerhall med hyller lengst bak og logistikksystem for depot bak seg.
Til stades på årets første møte var Ole Martin Rønning, Kristine Storesletten Sødal, Aud Åse Reitan, Jan Aakvik, Nina Refseth, Per Inge Bøe, Håkon Glørstad og Jonny Edvardsen. Fotograf: Marte Aanes Stien, NB.
Datastyrt depot for arkiv, som ser ut som eit logistikksystem for post eller kasser. Foto: Jan Aakvik, IKAMR.
Datastyrt depot for arkiv. Foto: Jan Aakvik, IKAMR.
Inne i eit mørkt rom. På beggen bak er det ein dataskjerm med fotoredigeringsprogramvare, fremst er eit digitiseringsoppsett med avansert kamerautstyr på stativ som er vendt ned mot ei plate der materiale blir lagt for digitisering.
Digitisering av foto med avansert kamerateknologi. Foto: Jan Aakvik, IKAMR.
Ein lagerreol merka med bokstavar og siffer langsmed dei forskjellige hyllene, i kvar hylle er det fleire sortar maskiner for digitering av lyd og film. Det er også plastkasser og pappkasser ståande i hylle og på golv.
Eit utval av avspelingsmaskiner for å kunne digitisere lyd og film. Foto: Jan Aakvik, IKAMR.
10.06.2022

Digitalisering av kulturarven

Med bakgrunn i oppdraget om digitalisering av Norges kulturarv har Nasjonalbiblioteket nemnt opp "Rådgivende utvalg for kulturarvdigitalisering". IKAMR er representert i utvalet.

Les meir »