IKA og Kulturnett Møre og Romsdal fekk rektor Johann Roppen på besøk i samband med Stadnamnarkivet og stadnamndatabasen for Møre og Romsdal. Arbeidet med innsamling av stadnamn vart gjort av Møreforsking ved Peter Hallaråker i perioden 1985-1995. Heile 200 000 namn vart samla inn.
Det er etablert ei oppreisningsordning for tidlegare barnevernsbarn som har vore utsatt for omsorgssvikt eller overgrep i institusjon som barneheim, skoleheim, spesialskole eller liknande. Dette gjeld personar som har vorte plassert der av ein kommune som er med i oppreisningsordninga i tida før 01.01.1993. Plasseringar i fosterheim og private plasseringar i barne- og skoleheimar fell utanfor ordninga. Arkivdokumentasjon vil spele ei viktig rolle i desse sakene.
Den organiseringa Arkivverket har i dag er ikkje tenleg for å møte dei utfordringane etaten står overfor, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland i ei pressemelding 29.02.2016.
To kommunar, Giske og Stordal, har avlevert 10 hyllemeter til saman. Frå Sunnmørsheimen, tidlegare Sunnmøre barneheim, har vi fått inn 2,5 hyllemeter. Neste avleveringsveke ved IKAMR er veke 15: 11.-15.april.