Da Pigen Berte Olsd. Hagen, der er født og konfirmeret i Borgunds Sogn, nuhar taget fast Tjeneste paa Gaarden Farstad i Harams Præstegjeld, afskediges hun herved fra sit Fødested. Hun er 16 - sexten - Aar gammel, og kommunicerede sidste Gang i Borgunds Kirke den 21 - første og tyvende - Mai f.A(ar).
I seinare år har ein vorte meir oppteken av at ein ikkje berre skal ta vare på arkivmateriale etter offentlege arkivskaparar, men også etter dei private verksemdene i samfunnet. Dette for å kunne danne seg eit fullverdig bilete av fortida. Men dette er ikkje nye tankar. Magistraten i Ålesund var inne på det same allereie i 1905.
Ein kjem over eit rikt utval arkivskaparar når ein arbeider med eldre, kommunale arkivkjelder. Av dei mest særmerkte arkivskaparane IKA Møre og Romsdal har kome over her i vårt fylke, kan me nemne rottekrignemnda i Surnadal.
Når me i IKA skal ordne, registrerte og katalogisere dei eldre arkivsakene i ein kommune, byrjar me med å identifisere protokollane. Til dette kan eventuelle autorisasjonar vere til god hjelp.
Både på 1800- og 1900-talet har fråhaldssrørsla stått sterkt i Møre og Romsdal. Mellom anna var kring 20 % av folket i fylket medlem av ein av dei mange fråhaldsorganisasjonane kring 1920. Her kan de lese eit brev totalavholdslaget i Vestnes sende til formannskapet i 1891.
Dei siste par åra har IKA lagt ned ein del arbeide på å ordne, registrere og katalogisere det eldre kommunale arkivmaterialet frå Vestnes og tidlegare Tresfjord kommune i Romsdal. Som eit døme på kva ein kan kome over i dette materialet, har eg funne fram eit brev som vart sendt til heradstyret i Vestnes i 1899.