Aktuelt

Frå magasin M01 ved dei eldre arkiva frå Smøla kommune. Foto: Guro Flø, IKAMR
Frå magasin M01 ved dei eldre arkiva frå Smøla kommune. Foto: Guro Flø, IKAMR
08.06.2026

Besøk frå Slekt og Data Møre og Romsdal

Fredag 5. juni fekk IKAMR besøk av 30 medlemer frå Slekt og Data Møre og Romsdal. Organisasjonen arrangerte den årlege sommarturen sin i Ålesund og tilbrakte dagen hos oss og på Ålesund Museum. Vi set stor pris på å få besøk og på høvet til å gjere brukarane betre kjende med arkivsamlingane våre.

Les meir »
Ein mann står med ryggen til fotografen og ser mot ein reol full av grå arkivboksar med kvite etikettar.
Førstekonsulent Emil Stokkevåg med ein del av arkivet som no er ferdigordna. Foto: Egil Woldseth Hessen, IKAMR
Ein kikar inn mellom to reolar fulle med grå arkivboksar med kvite etikettar, pent på rekke og rad.
Reolar med ferdig ordna arkiv. Foto: Egil Woldseth Hessen, IKAMR
29.05.2026

Ferdigstilling av ordningsprosjekt for Aukra kommune

IKAMR har no ferdigstilt ordningsprosjektet vi har hatt på gang for Aukra kommune.

Prosjektet omfattar om lag 200 hyllemeter arkivmateriale frå perioden etter 1964. Materialet omfattar arkiv frå sentral-, skule-, kultur-, helse-, og teknisk sektor. Arkivet er no ordna og listeført etter gjeldande retningslinjer.

Les meir »
Frå venstre: Anne-Britt Herfindal Johannessen, Marianne Herfindal Johannesen, Andri Jonsson, IKAMR. Foto: Åsta Vadset, IKAMR.
Frå venstre: Anne-Britt Herfindal Johannessen, Marianne Herfindal Johannesen, Andri Jonsson, IKAMR. Foto: Åsta Vadset, IKAMR.
27.05.2026

Slektsforskning i bortgøymt fattigkasserekneskap frå Kristiansund

Etter fleire år med leiting etter opplysningar om slektningar frå 1860-talet har slektsforskarar frå Bergen funne ny informasjon i dei historiske kommunale arkiva frå Kristiansund kommune. Dokumentasjonen vart funnen i uordna fattigkasserekneskap frå kemnerkontoret i Kristiansund, som har vore bortgøymt i ein mannsalder.

Les meir »
Ei ung kvinne sit ved eit arbeidsbord med gamle dokument i hendene. Det står arkivboksar på bordet. Ho smiler mot kamera.
Maria Bjåstad Hustadnes, historiestudent ved Høgskulen i Volda. Foto: Åsta Vadset, IKAMR
18.05.2026

Praksisstudent hos IKAMR

Våren 2026 har IKAMR vore praksisplass for ein historiestudent frå Høgskulen i Volda. Maria Bjåstad Hustadnes går andre året på bachelorstudiet i historie og har hatt ein ti vekers praksisperiode hos IKAMR frå februar til april som del av praksisemnet HI204P Lokal- og regionalhistorie.

Les meir »