Kvart år blir det sett av faste veker for avlevering av arkivmateriale frå eigarkommunane våre. Denne ordninga har fungert godt og vi vidarefører praksisen i 2020.
Frå september til desember 2019 har Eli Morken Farstad ordna og katalogisert arkivet etter De Norske Klippfiskeksportørers Landsforening og Unidos A/S (tidl. A/L). Arkivet er no ferdig ordna og blir om få dagar publisert i arkivportalen.
IKAMR ønsker alle ei god jul og eit godt nytt år! Thea Helen Rølsåsen og Karen Vanessa Sundgot Gurskevik var ikkje til stades ved fotografering. Foto: Farstad.
Torbjørn Aasen heldt presentasjon på DLM Forum i Helsinki 14. - 15. november 2019 om prosjektet "Kommunearkivenes Digitale Ressurssenter (KRDS) produksjonslinje for bevaring av elektroniske arkiv".