I går, 22. november, var Wen Ge på besøk på lesesalen vår. Han kom for å sjå på stadnamnamlingar og studere tradisjonell lokal uttale av stadnamn i Noreg.
Kontaktkonferansen i Kristiansund vart gjennomført 9.-10. november på Scandic Hotell Kristiansund og Caroline kino- og konferansesenter.
Her kan du finne presentasjonane frå konferansen.
På Kontaktkonferansen til IKAMR i Kristiansund denne veka vart prisen Årets arkivar Møre og Romsdal delt ut for fjerde gong. Prisen gjekk til Silje Ekroll Riborg, arkivleiar i Ulstein kommune.
Sula kommune og Tingvoll kommune har meldt seg inn i privatarkivordninga ved IKAMR. No er til saman 20 av kommunane i Møre og Romsdal medlemmar i ordninga.
IKA Møre og Romsdal tok 11.-13. oktober turen til Rauma kommune for å pakke ned resten av arkiva frå dei fem tidlegare kommunane Veøy, Grytten, Hen, Voll og Eid.
Etter tildeling av arkivutviklingsmidlar i 2020 til dette prosjektet er vi no i gang, i samarbeid med dei andre privatarkivaktørane i fylket: musea, historielaga og lokalarkiva.