Aktuelt

Jan Aakvik og arkivleiar Hilde Skaare Fossheim har klargjort for siste sending. Foto: Åsta Vadset, IKAMR
Jan Aakvik og arkivleiar Hilde Skaare Fossheim har klargjort for siste sending. Foto: Åsta Vadset, IKAMR
Saksarkiv og artikkelsamling frå Stadnamnprosjektet. Foto: Åsta Vadset, IKAMR
Saksarkiv og artikkelsamling frå Stadnamnprosjektet. Foto: Åsta Vadset, IKAMR
Ein nøgd Jan Aakvik som får komplementert arkivet etter Stadnamninnsamlinga. Foto: Åsta Vadset, IKAMR
Ein nøgd Jan Aakvik som får komplementert arkivet etter Stadnamninnsamlinga. Foto: Åsta Vadset, IKAMR
20.05.2022

Siste avlevering av arkiv frå Stadnamnprosjektet

Siste rest av arkiv frå Stadnamnsamlinga, som har vore plassert på Høgskulen i Volda, er no pakka og klart for avlevering til IKAMR. Lokala der arkivet har vore oppbevart står no framfor ei stor renovering og dei nye lokala skal ikkje huse papirbaserte arkiv.

Les meir »
Bilde av ei tekstside i to kolonnar om grunnlov og fridom. Svart-kvitt-tekning av det norske flagget oppe til høgre.
Framside 1965.
16.05.2022

17. mai-nemnda

Årets 17. mai er den første på eit par år no som endeleg kan feirast på "normalt" vis igjen, til lukke og stas for mange.

I arkiva våre finst fleire 17. mai-komitear og nemnder, og i forbindelse med eit pågåande ordningsprosjekt frå Ulstein kommune, har vi valt å skrive litt om deira 17. mai-nemnd i høve nasjonaldagen.

Les meir »
Bilde av ein handskriven protokoll med sidetal i venstre hjørne. Raud snirklete handskriven tekst.
Formannskapsprotokollen 28. november 1945. Avfotografering frå protokoll 1939-1945.
Bilde av ei side i ein handskriven protokoll med sidetal øvst i høgre hjørne. Blå snirklete handskriven tekst.
Utdrag frå Vestnes formannskap sitt første møte etter frigjeringa 1945. Avfotografering frå protokoll 1939-1945.
06.05.2022

"Frigjøringen kom!"

«Om vi alltid har vært heldig, og truffet det rette valg, det får andre dømme om. En ting kan dog forsikres, at alle saker blev vell overveiet før der blev gjordt vedtak. Det var det midlertidiges kom.styres høyeste mål, å gjøre alt slik at det var etter folkets ønske og tjente til folkets bedste».

Les meir »
Bilde av ein arkivreol med tre fag som er fylde med gamle, brune arkivboksar med forskjellige etikettar.
Boksar med arkiv frå Unidos. Foto: Piotr Cabaj, Sedak
Grøn mark med stubbar/stokkar som stikk ut av plenen, spreidd utover marka. Lenger bak ser ein fleire tre og fjell og blå himmel
Middelalderbyen Borgund låg rett ved fjorden. Foto: Åsta Vadset, IKAMR
28.04.2022

Møte i privatarkivnettverket i Møre og Romsdal

Over heile landet er det peika ut fylkeskoordinerande ledd i privatarkivarbeidet, som igjen har som ansvar for å danne samarbeidsnettverk i sine fylke. I Møre og Romsdal er det IKAMR som frå 2004 har vore det fylkeskoordinerande leddet. Nettverket har inngått ein samarbeidsavtale om bevaring av private arkiv, og skal no i gang med revidering av bevaringsplanen som vart utarbeidd i 2016.

Les meir »
kommunekartsiaf2.png
Kartlegging av kommunalt papirarkiv i Møre og Romsdal. Bilde: Andri Jonsson, IKAMR
2002-2040.jpg
Tilvekst 2002-2021 og antatt tilvekst 2022-2040+. Bilde: Andri Jonsson, IKAMR
04.04.2022

Sikre arkiv for framtida: Resultat frå kartlegging av papirarkiv

IKAMR sine magasin er per dags dato omtrent 80% fullt utnytta. Av totalt 15 000 hyllemeter kapasitet har vi no i underkant av 3 000 hyllemeter ledige. Vi forventar å ta imot 4 000 til 5 000 hyllemeter fram til 2025. Viss noverande uvikling held fram utan inngrep vil magasina våre bli fulle innan midten av neste år, 2023. I februar og mars i år har IKAMR og eigarane våre kartlagt over 17 000 hyllemeter uteståande kommunalt arkivmateriale hos kommunane og fylkeskommunen. Dette er arkivmateriale som på eit eller anna tidspunkt kan deponerast til IKAMR. Totalt er det skapt i underkant av 30 000 hyllemeter kommunalt papirarkiv i Møre og Romsdal mellom 1837 og 2022. Omtrent en tredjedel er deponert til IKAMR per dags dato. Her kjem eit kort samandrag av dei viktigaste konklusjonane i rapporten.

Les meir »
Vi ser inn mellom to arkivreolar, som er fylde med arkivboksar, kasser, mapper, papir. Mellom dei sit ei kvinne med pen strikkagenser på kne med ei arkivboks open framfor seg, og held i ei arkivmappe. Ho smiler mot fotografen.
Marianne Nystad, avdelingsleiar Nordmøre museum, i magasinet ved IKAMR. Foto: Åsta Vadset, IKAMR
03.02.2022

Besøk frå Tingvoll museum

I går, 2. februar, hadde vi oppstartmøte for gjennomføring av arkivutviklingsprosjektet IKAMR og Tingvoll museum fekk midlar til frå Arkivverket i desember 2021.

Les meir »