«Om vi alltid har vært heldig, og truffet det rette valg, det får andre dømme om. En ting kan dog forsikres, at alle saker blev vell overveiet før der blev gjordt vedtak. Det var det midlertidiges kom.styres høyeste mål, å gjøre alt slik at det var etter folkets ønske og tjente til folkets bedste».
Over heile landet er det peika ut fylkeskoordinerande ledd i privatarkivarbeidet, som igjen har som ansvar for å danne samarbeidsnettverk i sine fylke. I Møre og Romsdal er det IKAMR som frå 2004 har vore det fylkeskoordinerande leddet. Nettverket har inngått ein samarbeidsavtale om bevaring av private arkiv, og skal no i gang med revidering av bevaringsplanen som vart utarbeidd i 2016.
IKAMR sine magasin er per dags dato omtrent 80% fullt utnytta. Av totalt 15 000 hyllemeter kapasitet har vi no i underkant av 3 000 hyllemeter ledige. Vi forventar å ta imot 4 000 til 5 000 hyllemeter fram til 2025. Viss noverande uvikling held fram utan inngrep vil magasina våre bli fulle innan midten av neste år, 2023. I februar og mars i år har IKAMR og eigarane våre kartlagt over 17 000 hyllemeter uteståande kommunalt arkivmateriale hos kommunane og fylkeskommunen. Dette er arkivmateriale som på eit eller anna tidspunkt kan deponerast til IKAMR. Totalt er det skapt i underkant av 30 000 hyllemeter kommunalt papirarkiv i Møre og Romsdal mellom 1837 og 2022. Omtrent en tredjedel er deponert til IKAMR per dags dato. Her kjem eit kort samandrag av dei viktigaste konklusjonane i rapporten.
I går, 2. februar, hadde vi oppstartmøte for gjennomføring av arkivutviklingsprosjektet IKAMR og Tingvoll museum fekk midlar til frå Arkivverket i desember 2021.
Den 5. oktober 2021 sende Kulturdepartementet ut høyringsnotat med forslag til ny arkivlov som skal erstatte lov 4. desember 1992 nr. 126 om arkiv (arkivlova). Høyringsfristen var sett til 14. januar 2022.
Åsta Vadset (rådgjevar for private arkiv ved IKAMR), Marianne Nystad (avdelingsleder Tingvoll museum ved Stiftinga Nordmøre museum) og Ottar Andre Breivik Anderson (leiar SEDAK ved IKAMR). Foto: Ottar Andre Breivik Anderson
Kvar haust er det mogleg å søke om tilskot til ulike prosjekt frå Arkivverket. I dag kom lista over dei i alt 33 søknadane som vart innvilga i år. IKAMR fekk tildelt 700 000 kroner i midlar til 2 ulike arkivutviklingsprosjekt.
"Torsdag 21 mars 1929: Flagget til tops yver Rundøy fyr! Endeleg var då dagen komen at vår høgvyrde, einaste krunprins skulde viast til den elskelege prinsesse Märtha. Krums, Gjelle, Mart og eg skulde iveg og yververe vielsen pr. radio. Fekk mildt behageleg vér, og starta her ifrå kl. 9, proppa med komiske vittigheiter og spændande forventning."